Gå til søk
Gå til sidens innhold
Gå til kontaktinformasjon


Kulturvern

Fagenhet for kulturvern har som hovedarbeidsoppgaver forvaltning av nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner i fylket. Vi fordeler tilskudd til fredete bygninger og anlegg fra Riksantikvaren, fylkeskommunale midler til verneverdige bygninger og tilskudd til museer i fylket.

Dagfinn Claudius
Fylkeskonservator
Dagfinn Claudius leder fagenheten.

Telefon: 61 28 93 72

Tusenårsstedet Hundorp - Dale Gudbrands gard

Hundorp, Dale-Gudbrands gard
Knapt nokon annan gard i Gubrandsdalen har så rik historie som Hundorp.

  • Her var det politiske maktsenteret i dalen i førkristen tid
  • Her skjedde sjølve kristingsverket
  • Garden har vore ein storgard opp gjennom hele histoira
  • Frå 1844 til 1858 var garden sete for sorenskrivaren i Midt-Gudbrandsdalen
 
Tusenårsstaden
1 1999 valde fylkestinget i Oppland Hundorp som Oppland fylkes tusenårsstad. Grunngjevinga for dette var mellom anna følgjande: 
  • Hundorp ligg sentralt i eitt av dei fem utvalde nasjonalt verdifulle kulturlandskapsområda i Oppland
  • Hundorp har stor nasjonal og kulturell betydning, og står i ei særstilling i kulturhistorisk samanheng fordi staden i tillegg til ei unik samling storslåtte fornminne har ei sentral forankring i sagatradisjonen omkring kristingsverket. Minnesmerka  har ein slik karater at Hundorp som nasjonal historisk stad til ein viss grad kan likestillast med Borre, Hafrsfjord, Moster og Stiklestad.
  • Historia på Hundorp gjennom 1900-talet har gjennom drifta av folkehøgskolen her tre klare liner i den pedagogiske og kulturpolitiske profilen: Den lokale ved å vere open mot lokalsamfunnet, den nasjonale ved å ha brukt framståande kunstnarar og foredragshaldarar, og den nordiske m.a. gjennom sommarkurs.
  • Bygningane og tunet på Hundorp har ein sterk heilskap prega av stilartar frå 1800- og 1900-talet. Dei er definerte som verneverdige.
  • Pilgrimsleia følgjer Kongevegen forbi Hundorp og vidare til Sør-Fron kyrkje.
  • Målet er å gjere Hundorp til ein lokal, regional og nasjonal møteplass og identitetsarena ved å legge til rette for kurs og seminar med tverrfagleg karakter innanfor tema som miljø, helse og friluftsopplevingar. Symbolkrafta i den historiske ramma på Hundorp skal understrekast og utnyttast.

 

Hundorp Dale-Gudbrands gard

Hundorp Dale-Gudbrands gard

 
Maktsentrum
Dale-Gudbrand, eller Gudbrand i Dalane, er nemnt fleire gonger i Snorre, og namnet er knytt til stader og hendingar gjennom 150 år, frå sist på 800-talet til ut på 1000-talet. Anten dreiar det seg om ein segnfigur, eller så er det fleire menn med Gudbrand-namnet som er knytt til Gudbrandsdalen, kanskje eit slektsdynasti med sete på Hundorp.
 
Snorre omtalar Gudbrand som herse. Herse var ein arveleg høvdingtittel, og han styrte over eit geografisk område. Hersen hadde administrativ, militær og juridisk funksjon, og han kan ha hatt innverknad på det religiøse området
 
Makta si bygde hersen på militærmakt, handel og vikingferder. Vi veit at Gudbrand "or Dalom" var med i slaget mellom Håkon jarl og jomsvikingane og fall der. Og det var Dale-Gudbrand som var den som mobiliserte ein hær mot Olav Haraldson.
 
Om den juridiske innverknaden kan det seiast at tingstaden i Gudbrandsdalen i tidleg mellomalder anten låg på Hundorp eller på grannegarden Hove. Og hersen hadde ei viktig rolle på tinget.
 
Også den religiøse makta har ligge i tilknyting til Hundorp. Hovet kan ha ligge på grannegarden Hove. I Njålssoga blir det fortald at Gudbrand i Dalane åtte hovet på garden sin saman med Håkon jarl.
 
Kristningsstad
I Soga om Olav den heilage fortel Snorre om møtet mellom Olav og Gudbrand som enda med at Gudbrand tok ved kristendomen. Olav kom nedover Gudbrandsdalen frå kristningsferd i Trøndelag og på Møre. På Selsvollane møtte kongen ein flokk på 700 menn som Gudbrand hadde sendt ut for å sjå etter kongen. Men desse vart redde og rømde, og sonen til Gudbrand, som leia flokken, vart tatt til fange. Han fekk seinare grid og drog heim til faren.
 
Då Olav kom til Fron, tok han inn på garden Listad, og drog deretter til møte med bøndene på Hundorp. Olav tala på tinget og ba bøndene slutte med bloting og vende seg frå avgudane sine og tru på den einaste sanne guden.
 
Samme kvelden fortalde sonen til Dal-Gudbrand kongen korleis guden deira såg ut. Dette var Tor som var krigsguden i den norrøne mytologien, og eit hov var bygd for han ved garden Hundorp. Biletet av Tor var skore i tre i full mannsstorleik, han sto på ein hjell og var pryda med gull og sølv. Han åt fire leivar med brød og kjøtt attpå kvar dag.
 
Kongen vaka og bad det meste av natta. Om morgonen møttest partane på ny, og biskopen preika da trusbodskapen for bøndene, og han var i full mundur med bispestav og bispelue. Neste natt gjorden kongen visse førebuingar. Båtane til bøndene låg langs Lågen, og dei vart det borra hol i, og hestane vart jaga bort.
 
Tredje morgonen vart så Torsstatuen boren ut på tunet, og bøndene bøygde seg for den kvassøygde guden sin. Gudbrand viste til dei kvasse augo til Tor, og til den forferdelege makta som nå alle kunne sjå. Men kvar var guden til kongen?
 
Kongen hadde nøye planlagt svartala si, og akkurat i det sola rann i aust, avslutta han slik: "Sjå opp nå, og sjå mot aust, der kjem vår gud med stort ljos!" I det forsamlinga snudde seg mot soloppgangen, slo Kolbein Sterke til Torsbildet med klubba si slik at det gjekk sund. Ut av statuen kraup det mus så store som kattar, og øgler og ormar snodde seg mellom treflisene. Bøndene vart så redde at dei rømde, men fann båtane øydelagde, og hestane var borte. Kongen samla dei så og så: "Her kan de sjå kor mykje guden dykkar maktar, han som de bar sølv og gull og mat og drikke til." Og han gav dei valet mellom å ta ved kristendomen eller kjempe mot kongen. Da tok Dale-Gudbrand ordet og sa: "Vi har lidd stor skade på guden vår. Men ettersom han likevel ikkje kunne hjelpe oss, så vil vi nå tru på den guden som du trur på."  Biskopen døypte så Gudbrand og sonen hans og sette prestar på staden. Seinare vart det bygd ei kyrkje her.
 
Storgarden
Etter kristingsverket var maktsenteret i Gudbrandsdalen flytta frå Hundorp til Steig, ein gard høgare opp i bygda. Men Hundorp heldt fram med å vere ein storgard. Slik garden ligg, peikar den seg ut som sete for gamal busetnad. Truleg har grannegardane Jetlund og Hove, og kanskje fleire, høyrt til den opphavlege Hundorpgarden. Første delen i namnet Hundorp er sett i samanheng med eit gotisk ord "hin¶an", som tyder fange, fangst. Vi finn att det same ordet i fleire andre stadnamn i Gudbrandsdalen. Namna er knytt til elver og sjøar. Det ligg derfor nær å tru at det er snakk om fiskefangst. Siste leddet i namnet Hundorp er same ordet som vi har i det tyske dorf og i det engelske thorp, og tyder gard, samling av gardar, husklynge.
 
På 12-1300-talet sat ei mektig lensmannsætt på Hundorp. I tida 1250-1330 levde ein Tjøstolv Diktar her, og seinare sønene hans Håkon og Guttorm Tjøstolvsøner. Dette var truleg ei lågadelsætt. Hundorp er elles nemnt i ei rekke diplom frå mellomalderen.
 
Før 1668 var garden delt i to gardar, og eigar av begge gardane var nå Nils Lauritzen Toller, ein byborgar som leigde bort gardane til brukarane. I 1723 var brukarane blitt sjølveigande. Uppigard var ått av bønder fram til 1792 da prokurator Anders Wiborg kjøpte den. Nigard var bondeeige fram til 1827 da ein lensmann Fougner kjøpte garden. I 1840-åra vart dei to gardane kjøpt av sorenskrivar John Iversson Randklev og slått saman til ein gard.
 
Soreskrivargarden
I 1841 vart Sør-Gudbransdal sorenskrivarembete delt i to, slik at Midt-Gudbrandsdal sorenskrivarembete vart delt frå, og omfatta Øyer, Ringebu og Fron. John Iversson Randklev vart utnemd til sorenskrivar her.  Sorenskrivar Randklev var frå garden Randkleiv i Ringebu. Han hadde det som den tida var kalla juridisk preliminæreksamen, ein lågare grad enn embetseksamen. Han er truleg den første bondefødde gudbrandsdølen som vart sorenskrivar.
 
Etter at han samla dei to Hundorpgardane, bygde han opp att garden. Ein byggmeister Napel sto for arbeidet med hovedbygningen, og la grunnlaget for den herregardsmessige bygningsstilen Hundorp etter kvart fekk, og som vart ført vidare under seinare eigarar. Den store uthusbygningen frå 1849 var ei nyskaping i sin tid, og ein av dei største bygningane i Gudbrandsdalen da den vart bygd.
 
Gudbrandsdalens folkehøgskole
Folkehøgskolen var eit skoleslag som kom til å få mykje å seie for folkeopplysninga i landet og for den kulturelle og politiske oppvakninga frå siste delen av 1800-talet. Christopher Bruun stifta den første folkehøgskolen i Gudbrandsdalen (og den andre i landet) på Sel i 1867. Den vart flytta til Gausdal i 1872 der Vonheim vart bygd. Bondeguten Rasmus Stauri frå Stryn gjekk på Vonheim, og var seinare lærar på folkehøgskolen til Viggo Ullmann i Seljord. I 1902 grunnla Stauri sin eigen folkehøgskole på Vik i Kvam, der han var til 1915 då skolen vart flytta til Hundorp. Bygningane her vart ombygde til dette formålet, og nye vart sette opp.
 
Skolen vart driven i Grundtvigs ånd, og utvikla etter kvart ein skandinavisk profil der dei nordiske sommarkursa var sentrale.
 
Etter at Rasmus Stauri døydde i 1932, dreiv enkja Lise Stauri skolen vidare fram til 1948 som den første kvinnelege folkehøskolestyraren i Norden. Frå 1948 til 1972 dreiv sonen Are Stauri og kona Dagny skolen. Folkeuniversitetet i Noreg leigde skolen fra 1973 til 1983. I 1984 tok Gudbrandsal ungdomslag over og kjøpte skoleanlegget. Etter ein brann i 1987 var det slutt for folkehøgskolen på Hundorp, ein skole som hadde vore ein viktig undervisningsinstitusjon, og ein sentral kultur- og møteplass i dalen.
 

Sist oppdatert: 15.10.2008

Publisert: 29.08.2006