Regionalenheten har ansvar for og arbeider med nærings- og samfunnsutvikling, plan- og miljøoppgaver og strategisk samferdsel.
Fagenheten skal framstå med et ledende kompetansemiljø innen regional næringsutvikling, verdiskapning, miljø og samfunnsplanlegging. Fagenheten skal tilrettelegge for de som ønsker å bidra til økt verdiskapning og omstilling i Opplandssamfunnet.
Fagenheten ledes av Hjalmar Solbjør, assisterende fylkesrådmann, tlf. 61 28 91 64
Ungdomsgrupper (13-25 år) kan få støtte gjennom Aktiv Ungdom til å ta imot eller besøke ungdomsgrupper i andre europeiske land for å gjere aktivitetar i lag og lære om eit anna land og ein annan kultur.
Ungdom skal delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av utvekslinga. Det kan vere samarbeid med ei eller fleire ungdomsgrupper i andre europeiske land. Det må vere minst eitt EU-land. Utvekslinga skal vare 6-21 dagar. Minst 16 og maksimum 60 ungdommar kan delta, begge eller alle grupper medrekna.
Gruppa som reiser ut kan få 70 % av reiseutgiftene, støtte til planleggingsbesøk, fast eingangssum til førebuingar og ekstra støtte til deltakarar med spesielle behov. Gruppa som tar imot besøk kan få faste beløp pr natt pr deltakar til kost og losji, fast eingangssum til aktivitetar, fast eingangssum til førebuingar og ekstra støtte til deltakarar med spesielle behov. Det er positivt, men ikkje obligatorisk, at gruppene reiser på gjenbesøk til kvarandre.
Ein av partnarane påtar seg ansvaret som koordinerande organisasjon og søker om støtte på vegne av alle partnarorganisasjonane både ved bi-, tri-, og multilaterale gruppeutvekslingar.
Ta kontakt med Oppland fylkeskommune om du har ein idé til eit Aktiv Ungdomsprosjekt. Vi gir råd og rettleiing og hjelper deg vidare!
Sist oppdatert: 04.05.2011 Publisert: 27.07.2010 Hjelle, Inger Elin Nes
Spørsmål og svar om gruppeutveksling
Aktiv Ungdom gir verdifulle erfaringer
Demokratiprosjekt om klimaendringar
Gjøvik satser på kulturutveksling