Torsdag den 17.11 var tre hundre 9. og 10.klassingar frå alle ungdomsskulane i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron samla saman med foreldra sine i Vinstrahallen. Les mer fra YOU koordinator Per Risdal sitt referat.
MYE Å VELJE I PÅ YRKES- OG UTDANNINGSMESSA I VINSTRAHALLEN
. Der vart alle utdanningsprogramma i vidaregåande skule presentert. Messa er eit skikkeleg dugnadsarbeid! Vinstra vidaregåande skule, Nord-Gudbrandsdal , Vea og Valle informerte om dei 12 utdanningsprogramma. Mange elevar som går i vidaregånde og lærlingar var med , offentlege instansar som Opus, Nav, Politiet, Forsvaret, og ikkje minst mange lokale bedrifter. Eit yrande liv med elevar og foreldre på vandring frå stand til stand for å finne informasjon ,var situasjonsbiletet i Vinstrahallen denne torsdagskvelden.
Nytt i år: Studentar som rollemodellar
Ti ”lokale” studentar frå ulike universitet og høgskular var og invitert som ”rollemodellar”. Spennvidda var stor: Frå sjukepleiar-, lærar- og lektorutdanning til fotojournalistikk, ingeniør og politi. Studentane tykte dette var ei spanande utfordring, og informerte med stor iver ungdomsskuleelevane om utdanninga si. -Dette er noko eg sakna da eg var med på desse messene sjølv, seier Torunn Brånå, som gjekk ut frå VVS i 2008 og nå studerer fotojournalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentane ville gjerne kome att til neste år!
Betre gjennomføring i vidaregåande skule
Yrkes- og utdanningsmessa er eit av mange tiltak for å minske fråfallet i vidaregåande skule. Fråfall har mange samansatte årsaker, men har store samfunnsøkonomiske konsekvensar, samt personlege konsekvensar for dei som fell utanom. Det er ein landsomfattande dugnad i gang, med ulike tiltak for å minske fråfallet i skulen.
Praksis i yrkeslivet, informasjonsteam ut til 9.klassingane, utprøving i vidaregåande skule for 10.klasse er døme på andre aktivitetar i faget Utdanningsval som elevane i Midtdalen er med på, og som skal bidra til rette valet av utdanningsprogram. Mange foreldre er svært nøgde med å bli invitert med på messa. Mye har endra seg sidan dei sjølve var elevar. Her kan dei få oppdatert kunnskapen om dagens yrkes- og utdanningstilbud! Og samtalene heime om ”karriereval” betyr fortsatt mye for elevane sitt val.
Kva vil møte elevane i vidaregåande?
Som ein del av yrkesmessa, fekk 10.klassingane med foreldre ei orientering frå rådgjevaravdelinga ved VVS om kva som vil møte dei som elevar i vidaregåande skule. I tillegg til nyttig informasjon om ulike tilbod og valmoglegheiter, vart det og sett fokus på krav: unngå ugyldig fråvær, god fagleg innsats, evne til samarbeid og ikkje minst positive haldningar er ”gamle” honnørord som gjeld meir enn nokon gong. Ikkje minst var representanten frå næringslivet klar på at dette er eigenskapar dei fyrst og framst ser på når dei skal vurdere praksiselevar og ta opp lærlingar.
Takk til alle dei 140 friviljuge som bidrog til nok ei vellykka yrkes- og utdanningsmesse og vel møtt neste år!
Sist oppdatert: 22.12.2011
Publisert: 05.12.2011