Norsk Fjellmuseum i Lom har fått Finsefondets miljøstipend for 2011. Prisen er på 260 000 kroner og går til eit opplegg som skal gje ungdomsskuleelevar innsikt og opplevingar i norsk høgfjellsnatur.
Målet med læringsopplegget er at kunnskap om natur- og kulturhistoriske verdiar i høgfjellet skal fremje ein langsiktig balanse mellom vern og bruk av fjellnaturen. Norsk Fjellmuseum vil – i samarbeid med fleire forskingsmiljø – utvikle Klimapark 2469, oppe under Galdhøpiggen, til ein pedagogisk reiskap for skuleverket. 300 elevar skal kvart år få oppleve parken og arbeide vidare med emne som gjeld klimaendringar og fjellnaturen. Den pedagogiske plattforma skal leggje til rette for at skulene gjer både forarbeid, feltarbeid og etterarbeid. Alt skal gjerast tilgjengeleg på internett. Seinare vil opplegget bli utvida og tilgjengeleg også for fleire skular.
Øystein Dahle, Berit Lein, Knut Norman og Erik Solheim fra Finsefondet har besøkt Klimapark2469 og istunnel.
Finsefondet er ei uavhengig stifting som ved utdeling av årlege stipend ønskjer å stimulere vern av norsk fjellnatur. Fondet har sidan starten i 1988 delt ut rundt fire millionar kroner i stønad til meir enn 20 tiltak.
Sist oppdatert: 06.12.2011
Publisert: 12.09.2011
Les meir om Finsefondet her.