Nå er vår kollega Irja Frydenlund tilbake fra sin veldig spesiell studietur til Arktis. Her deler Irja sine uforglemmelige opplevelser og erfaringer fra turen med oss.
Det biletet eg sjølv hadde av Arktis, vart nokså forandra etter å ha reist dit. I denne artikkelen skal eg berre nemne nokre få perspektiv på kva Arktis er og betyr for resten av verda.
Studietur om klimaendringar i Arktis
I månadsskiftet juni/juli arrangerte British Council eit kurs om klimaendringar i Arktis. Kurset vart heldt på ein båt som gjekk frå Longyearbyen, langs Svalbard og så langt nordover i pakk-isen båten kunne gå (nærmare bestemt 80° 38,22’ nord).
Deltakarane var 17 ungdommar med erfaring frå internasjonale klimaprosjekt. Kurshaldarane var tre polarforskarar frå FN sitt miljøprogram (UNEP/GRID Arendal). Til saman var vi representantar frå 14 ulike land. Formålet med kurset var å gi innsikt i klima- og miljøendringar i Arktis, miljøforvaltning, geopolitikk og FN sitt arbeid med turisme og berekraft. I tillegg fekk vi trening i å vidareformidle denne kunnskapen. Dei tre polarforskarane var til stades for å svare på spørsmåla våre døgnet rundt, dei gav oss faglege innleiingar og praktiske oppgåver. Blant anna fekk vi høve til å presentere kva vi hadde lært på kurset til dei andre passasjerane på båten. Medpassasjerane våre var turistar på ”Expedition Cruise – Polar Bear Special”. Såleis fekk vi oppleva turisme i Arktis frå innsida, og sjå sjølve korleis turisme kan påverke naturmiljøet.
Arktisk klima i endring
I Arktis opplever folk klimaendringar som slår ut raskare, sterkare og tidlegare enn dei fleste andre stader i verda. Men konsekvensane av klimaendringar i Arktis vil merkast over heile verda, fordi endringar i arktiske fysiske prosessar påverkar det globale klimaet. Difor er Arktis eit varsel om framtidige regionale og globale konsekvensar av desse klimaendringane, for eksempel om kva vi kan vente oss i norske høgfjell. Å følgje utviklinga i Arktis kan gi viktig innsikt i korleis samfunn og økosystem blir ramma av raske klimaendringar - og korleis dei kan tilpasse seg.
Varmare og våtare Arktis
Global middeltemperatur vil auke med 1,4–5,8 °C innan 2100, anslår FN sitt klimapanel. Sjølv om auken ”berre” skulle bli på 1,4°C, inneber dette den raskaste temperaturauken på 10.000 år.
For Arktis sin del har temperaturen dei siste femti åra auka om lag dobbelt så mykje som i resten av verda (det vil seie med 1,5°C dei siste hundre år). Dei fleste stader aukar temperaturen meir om vinteren enn om sommaren. I Alaska og det vestlige Canada har vintertemperaturen auka med så mykje som 3-4°C dei siste 50 åra.
Modellberekningar frå Arktisk råd si klimautreiing (ACIA) tyder på at temperaturen vil fortsette å stige i Arktis. Auken er berekna til rundt 3-5°C over land og opp til 7°C over havområda, innan utgangen av dette århundret. Visse stader i Arktis kan vintertemperaturen auke med 14°C.
Dette betyr blant anna meir nedbør, og at stadig meir av nedbøren kjem som regn i staden for snø. På haust- og vinterstid er det snakk om ei 30% auke i nedbørsmengd innan dette hundreåret.
Isen smeltar på land og til havs
Sidan 1960-talet har dei fleste isbreane i Arktis minka i omfang og volum. Havisen minkar også: Satellittbileta viser ei akselererande avsmelting etter 1979, og på 1990-tallet gjekk avsmeltinga enda raskare. Frå 1982 til 2005 minska havisen i Arktis med meir enn 1 million kvadratkilometer, tilsvarande eit område større enn Noreg, Sverige og Danmark til saman. I september 2007 var havisnivået det minste som nokon gong er målt. Modellberekningane tyder på at polhavet kan vera isfritt sommarstid om nokre tiår.
Kvifor så rask forandring i Arktis?
Ei kvit overflate (is og snø) reflekterer opp til 90% av solenergien tilbake til atmosfæren. Mørkt, isfritt hav reflekterer derimot mindre enn 10% av energien, og tek resten opp i seg. Di mindre is, di høgare overflatetemperatur får vi. Slik blir Arktis raskare og raskare oppvarma av ein sjølvforsterkande effekt.
Menneske og dyr på tynn is
Klimaforskarar åtvarar om dramatiske følgjer for vær, fiskeri, vegetasjon, dyreliv, og menneske i nord, og at konsekvensane vil breie seg vidare til resten av verda. Historisk sett har livet i Arktis alltid vore både sårbart og robust på same tid. Økosystema og lokalsamfunna i Arktis, som har vist å kunne tilpasse seg nokre dei mest ekstreme forholda på jorda. Nå blir evna deira til å tilpassa seg utfordra meir enn nokon gong, av dei stadig raskare klimaendringane på toppen av ei rekke andre miljøproblem.
Parallellar til Jotunheimen
Også i Noreg viser målingar at mange brear har smelta kraftig tilbake dei siste 50 åra, ikkje minst har fleire isbrear i Jotunheimen minka merkbart i både areal og volum. Hellstugubreen og Storbreen har vore målt samanhengande sidan 1901 og 1902, og har trekt seg tilbake omlag 1100 meter i denne perioden (kjelde: www.nve.no). Breane smeltar tilbake i høgfjell verda over. Fjellbreane er tidlege indikatorar eller varsel om klimaendringar som er på veg. For 7000 år sidan reknar klimahistorikarane med at heile Jotunheimen var isfri. Kanskje går vi ei ny isfri tid i møte i norske fjell?
Kjelder:
IPCC Special Report: Regional Impacts of Climate Change, IPCC 2000
Arctic Climate Impact Assessment, International Arctic Science Committee m.fl., 2004
”Temperaturen stiger og det blir mer nedbør”, artikkel publisert av Norsk Polarinstitutt 16.05.2011
Sist oppdatert: 25.07.2011
Publisert: 21.07.2011
Kva er Arktis?
Arktis omfattar om lag 15% av jordas overflate, og eit mylder av motstridande interesser, så eit kortfatta svar er ikkje så enkelt å gi. Korkje innbyggjarane der, politikarar eller fagfolk kan einast om kor dei geografiske grensene til Arktis går.
Nokre fakta om Arktis:
Arktis er eit hav omgjeve av kontinent (til skilnad frå Antarktis, som er kontinent omgjeve av hav).
Arktis omfattar nokre av dei største ufragmenterte naturområda vi har på jorda.
Arktis fungerer på mange måtar som eit barometer på planeten sin miljøtilstand.
Arktis har ein svært stor tettleik av vitskapleg overvaking.
Det er det største området i verda der miljøvern har lagt grunnlaget for internasjonalt samarbeid.
Dei åtte arktiske statane er Canada, USA (Alaska), Russland, Danmark (Grønland), Noreg, Sverige, Finland og Island. Det arktiske hav er delt mellom dei fem fyrstnemnde statane.