Klimapark2469 blir ny næringsmedlem i Norsk Kulturarv

Klimapark2469 har i dag valgt å bli næringsmedlem i Norsk Kulturarv.

Les pressemelding frå Norsk Kulturarv.

 


Norsk Fjellmuseum er eit ledande nasjonalt kompetansesenter innanfor sitt fagområde. Senteret huser ei rad bedrifter som har sitt virke innafor reiseliv, fjellkompetanse og naturforvaltning.

- Ein raud tråd i utviklinga vår er å skape verdiar med grunnlag i vår rike natur og kulturarv, seier dagleg leiar Mai Bakken. Eg anbefaler alle som arbeider innan dette å vere næringsmedlemmar i Norsk Kulturarv, oppmodar Bakken.

Klimapark 2469  er ein unik arena for formidling, forsking og verdiskaping knytt til klimaendringar, kulturminne og høgfjellsnatur i eit langtidsperspektiv. Ein fantastisk arena er utvikla ved Juvfonna i Jotunheimen, med ein spektakulær is-tunnel. Det er også utstillingar ved Norsk Fjellmuseum i Nasjonalparklandsbyen Lom.

- Vi er glade for å ha fått Norsk Fjellmuseum og Klimapark 2469 med på laget blant våre næringsmedlemmar, seier direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv, som påpeikar at det er eit uløyseleg band mellom natur og kulturarvkvalitetar i utviklingsarbeidet framover.

For nærmare informasjon: Kontakt dagleg leiar Mai Bakken

971 80 469 eller direktør Simen Bjørgen tlf. 900 32 750.

Norsk Fjellmuseum sin nettstad: www.fjell.museum.no.

Klimapark 2469 sin nettstad: www.klimapark2469.no

 

Sist oppdatert: 09.01.2012

Publisert: 09.01.2012

 

Olavsrosa 

Norsk Kulturarv er ein ideell stiftelse som har som formål å bidra til vern av kulturarven gjennom berekraftig bruk.

Norsk Kulturarv har heile landet som arbeidsområde.

Inspirasjon, opplevingar, kunnskap og identitet er viktige verdiar for Norsk Kulturarv. Slike verdiar vert vidareført gjennom aktiv næringsutvikling med kulturarven som produktgrunnlag.

Norsk Kulturarv er eit talerøyr overfor styresmakter og ulike samarbeidspartar i næringslivet.

Samstundes som vi er sterkt forankra i ein strategi for å synleggjere og marknadsføre kulturtiltak under mottoet «vern gjennom bruk».

Ikkje minst betyr dette ei sterk satsing på reiselivsopplevingar med basis i kulturarvprodukt over heile landet.

Olavsrosestadene er fyrtårn i Norsk Kulturarvs produktspekter. Kvalitetsmerket Olavsrosa har ein sterk profil i formidlinga av norsk kulturarv. Mottoet «Olavsrosa – våre beste opplevingar» stiller høge krav til produktkvalitet og vedlikehald av denne kvaliteten.

Les meir

www.kulturarv.no

www.olavsrosa.no