Fylkesutvalget

Fylkesutvalget er fylkestingets delegerte organ og fungerer som fylkeskommunens ”arbeidsutvalg”. Fylkesutvalget består av ni representanter. Flertallet består av Arbeiderpartiet (3), Senterpartiet (1), SV (1) og Kristelig Folkeparti (1), mens Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre har en representant hver.

Gro Lundby

Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)

Fylkesordførerens kalender

Uttale om utdanningsmobilitet

Fra EUs designprogram.

Fylkesutvalget har avgitt uttale til EU si grønnbok om utdanningsmobilitet og svarar dermed på ei rekke spørsmål om kva som må gjerast for at fleire unge i Europa skal delta i utvekslingsaktivitetar.


Grønnboka tar for seg mobilitet som har ei eller anna form for læring som formål. Dette kan vere formell læring innanfor skule- og utdanningssystemet, men også uformell læring som til dømes Aktiv Ungdom-utveksling.

Auka mobilitet innan utdanning blir vurdert som svært viktig for Europas kunnskapsutvikling og konkurranseevne. I 2006 reiste ca 310.000 unge ut med støtte frå EU sine program. Dette er berre 0.3 prosent av aldersgruppa 16-29 år i EU. Sjølv om det finst mange program og finansieringsordningar, viser dette talet at det er behov for nye tiltak og incentiv.

Europakommisjonen har som visjon at eit studieopphald, praksis- eller læringsperiode i et anna land skal vere regelen heller enn unntaket. Målet er at slike opphald skal bli ein naturlig del av alle typar utdanningar, og at alle unge europearar skal få høve til å delta i utveksling.

Utkastet til uttale frå Oppland fylkeskommune blei drøfta i internasjonal komité 17. november og vedtatt av fylkesutvalget i dag, 1. desember.

OFK framhevar i sitt svar kor viktig det er for internasjonalisering i skulane at Norge deltar i EUs utdanningsprogram. Gjennom disse programma kan skulane inngå partnarskap med skular i utlandet og utveksle både elevar og lærarar, noko som på grunn av gratisprinsippet ellers ville vore vanskelig. OFK legg også vekt på at det internasjonale arbeidet må vere forankra i leiinga ved skulane, og at det er viktig å støtte opp under lærarane sitt engasjement. Vidare viser OFK til nokre gode eksempel frå Oppland, til dømes organisering av lærlingutveksling via internasjonalt servicekontor.

OFK sender sin uttale til Europakommisjonen innan fristen 15. desember.

 

Sist oppdatert: 14.12.2009

Publisert: 01.12.2009

Hjelle, Inger Elin Nes