Oppland fylkeskommune er en politisk styrt organisasjon, med folkevalgte som velges ved lokal- og regionvalgene hvert fjerde år. Fylkeskommunen er det mellomste av de tre forvaltningsnivåene i Norge, og styres gjennom fylkestinget og de komiteer som er opprettet.
Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)
Fylkesordførerens kalender
Nytt styre med fylkesordfører Gro Lundby som leder
Fjellregionsamarbeidet skriver på sin hjemmeside at:
"Torsdag 16. februar var det nye Rådet for Fjellregionsamarbeidet samla for fyrste gong. Ei særs viktig sak var å velja nytt styre for samarbeidet, og Gro Lundby frå Oppland fylkeskommune vart vald til ny leiar. I tillegg til årsmøtesaker kom statssekretær Tvinnereim frå KRD. Ho orienterte om den nye distriktsmeldinga, og fekk med innspel om fjellpolitiske tiltak tilbake.
Leiar Svein Borkhus kunne ønskje vel 20 rådsmedlamar, styremedlemar og administrative kontakter velkomne til møte i Oslo. Det er kanskje ironisk at møtet var lagt til hovudstaden - men vinterstid blir det for tidkrevjande å ha felles møte i ein fjellregion. Det var likevel mange som hadde reist langt; deltakarane var komne frå Lesja og Folldal i nord til Luster i vest og Hjartdal i sør. Svært mange av medlemane i det nye Rådet for Fjellregionsamarbeidet er nye i denne fjellpolitiske samanhengen. Leiar Svein Borkhus åpna difor møtet med ein presentasjon av Fjellregionsamarbeidet og arbeidet der, før deltakarane presenterte seg for einannan.
Etter ein kort oppstart med ordinære årsmøtesaker kom ein delegasjon frå Kommunal- og regionaldepartementet. Statssekretær Anne Beathe Tvinnereim orienterte om arbeidet med den nye regional- og distriktsmeldinga, og ho poengterte at det også denne gongen vil bli eit eige kapittel om fjellområda i Sør-Noreg. Ho ville derimot ikkje lova nokre eigne tiltak for fjellområda, da ho viste til ØF-rapporten om avgrensing av fjellområda og kva som kjenneteiknar desse. Ettersom det i rapporten er konkludert med at fjellområda ikkje skil seg vesentleg frå andre distrikt, meiner KRD at dei ordinære distriktspolitiske tiltaka også er virkemiddel gode nok for fjellområda.
Tvinnereim og KRD viste eit stort engasjement, og ba fleire gongar om konkrete tilbakemeldingar i høve til arbeidet med stortingsmeldinga - som ho gjerne kalte “distriktsmeldinga”, noko salen sette pris på. Tvinnereim var svært opptatt av at statlege arbeidsplassar bør flyttast ut, og at det blir fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta.Ho ønskte seg ein diskusjon rundt regionforstørringsprinsippet (må det vera eit større senter for å skapa vekst og utvikling i en region?), og ho snakka om dei demografiske utfordringane i fjellområde og andre distrikt. Som løysing på utfordringane såg ho til utnytting av eksisterande ressursar, og nemnte der spesielt mineralressursane. Landbruket må sikrast, og utviklinga i reiselivet er svært viktig. Statssekretæren viste til Bolystprogrammet og meinte at utvikling av attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for utviklinga.
Det var sett av god tid til innspel, noko deltakarane visste å nytte seg av. Statssekretæren fekk tilbakemeldingar på at det å bruke ordet “kompetansearbeidsplassar” bare om arbeidsplassar med krav om høgare utdanning var feil, og ho lova å sjå på korleis dei kunne formulere dette betre. Fleire var opptatt av moglegheitene knytt til hyttefolk og meir utbygging av hytter, medan bruk/vern, rovdyr og landbruk var tema som vart tatt opp. (Meir frå debatten kjem seinare).
Kva skal Fjellregionsamarbeidet arbeide med i åra framover? Dette vart diskutert da handlingsplanen 2012-15 vart lagt fram. Mange viktige emne er anten allereie tatt opp og er under arbeid, eller det planleggast å starte med dei. Dette spenner frå oppfølging av arbeidet med stortingsmeldingar, som t.d. landbruks- og distriktsmeldingane, til arbeid med fjellmat og organisering av reiselivet i fjellområda. Arbeidsmåten til Fjellregionsamarbeidet vil variere etter kva type sak det gjeld, men det var i budsjettdiskusjonen etterpå semje om at stillingsressursen i hovudsekretariatet skal aukast frå 100 til 150 %.Torill Tjeldnes og ikkje Heidi Lundstedt.
Styret i Fjellregionsamarbeidet er nå:
Tor Grøthe (Frp) frå Buskerud FK, med vara Solveig Håtveit Markegård (KrF).Dag Rønning (Sp) frå Hedmark FK, med vara Torill Tjeldnes (Ap).Gro Lundby (Ap) frå Oppland FK med vara Kjetil Lundemoen (Ap).Anders Ryssdal (Sp) frå Sogn og Fjordane FK med vara Eva Hage Solstad (Ap).Jørund A. Ruud (Ap) frå Telemark FK med vara Beate Marie Dahl Eide (Sp).Svein Borkhus (Ap) frå Fjellregionen/Hedmark med vara Bengt Fasteraune (Sp) frå Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.Kjell Berge Melbybråten (Ap) frå Valdres/Oppland med vara Ivar Brevik (Sp) frå Regionrådet i HallingdalDag Lislien (Sp) frå Rollag/Buskerud med vara Steinar Bergsland (H) frå TinnArne Vinje (SV) frå Vinje/Telemark med vara Sven Tore Løkslid (Ap) frå Hjartdal"
Sist oppdatert: 20.02.2012
Publisert: 20.02.2012