Festkveld med KVARTS og KORK på Rudi Gard

Fra konserten Folkemusikk i symfoni på Rudi Gard. Foto: Kristin Veskje, GD

Musikalsk fyrverkeri i Rudi-låven! 
Braksuksess! Det er stikkordet for felleskonserten på Rudi Gard torsdag kveld 12. august 2010. Det vart eit musikalsk fyrverkeri som til dei grader tente publikum i den fullsette låven.


Låven på Rudi gard var fylt til siste plass torsdag kveld da Kringkastingsorkesteret (KORK) og folkemusikkgruppa KVARTS slo til med felleskonserten Folkemusikk i symfoni, saman med solistane Sondre Bratland, Linn Andrea Fuglseth og Birger Mistereggen, og med Hans Ek som dirigent.

Dette var sesongåpning for Kringkastingsorkesteret, og konserten i går var nr. 4 i samarbeidet med KVARTS, men det var første gongen KORK hadde konsert i ein låve! - Og ingen lokalitet i verda passar betre til denne musikken enn nettopp her i låven, poengterte programvert Birger Mistereggen.

Og med orkestersjef Rolf Lennart Stensø sine ord: - Fantastisk! Ikke noen mildere måte å uttrykke dette på. Vi blir helt slått i bakken.

Foto: Kristin Veskje, GD

 

Sist oppdatert: 13.08.2010

Publisert: 13.08.2010