Kommunal- og regionadepartementet blir med på å gjere midtdalen meir attraktiv

Kommunal- og regionaldepartementet har tildelt kr. 32 mill til 35 såkalle "bolyst-prosjekt" i heile landet. Regionrådet sitt prosjekt "Midt i Gudbrandsdalen 2020" er valt ut som det eine av dei 35 prosjekta som får slik støtte, ved at departementet har løyvd kr.750.000 til ulike tiltak i ei treårsperiode.


Kunngjeringa av KRD si tildeling av midlar til prosjektet "Midt i Gudbrandsdalen 2020" vart gjort av stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien på vegne av departementet under besøk i Midt-Gudbrandsdalen fredag 25. juni 2010.

I departementet si pressemelding heiter det:

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med
bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile
260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.

- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet Midt i Gudbrandsdalen får 750 000 kroner for å utvikle regionen

Midt-Gudbrandsdal har ei negativ utvikling i attraktivitetsindeks, folketal og arbeidsplassar. For å snu trenden har regionrådet sett i verk eit omfattande strategi- og mobiliseringsarbeid. Etter eit folkemøte som kom opp med ei stor mengde idear er det no planar for konkrete prosjekt som omfattar ungdom, næringsliv, hytteigarar og turistar. Hovudmålet er å styrke Midt-Gudbrandsdalen sin posisjon som eit attraktivt område for busetting, næringsverksemd, investering og reiseliv. Kommunane vil løfte i flokk.

Fem år med spanande prosjekt i distrikta

- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.

Kort om prosjektet:

  • Målsettinga er å styrke Midt-Gudbrandsdalen som attraktivt område for bosetting, næringsverksemd, investering og fritid, og snu den negative utviklinga i folketalet.
  • Prosjektet er sett i gang av Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal.
  • Prosjektet har 4 målgrupper: innbyggarane, næringslivet, innflyttarar og turistar.
  • Hausten 2010 skal regionrådet utarbeide tiltaksplanar saman med tenketanken for ungdom og Midt-Gudbrandsdal Næringsforening.
  • Det blir lagt opp til at målgruppene skal involverast for å sikre eigarskap til prosjektet. Vidare skal det leggjast til rette for samarbeid mellom idretts- og kulturaktørar, tilrettelegging for tverrfagleg samarbeid mellom offentleg og privat sektor på tvers av bransjar, og det vil bli sterkt fokus på "Jantelova" sine negative effektar på nye initiativ.
  • Målet er at prosjektet etter tre år skal bidra til gradvis auka tilflytting til regionen, stimulere til nyetableringar og større interesse som turistmål.

Vi vil kome tilbake med ytterlegare informasjon om prosjektet. 

 

Sist oppdatert: 29.06.2010

Publisert: 29.06.2010