Første samling av i alt tre er nå gjennomført, med dei tre ordførarane Aksel Eng, Arnhild Baukhol og Tove Haugli som deltakarar frå Midt-Gudbrandsdalen. Omdømmeskolen er eit tilbod til kommunar og regionar som vil ta tak i mulegheitene i lokalsamfunnet. I dette arbeidet er det behov for å auke kompetansen og den faglege innsikta i prosessar knytta til omdømmearbeid.
Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal søkte i utgangspunktet om plass for alle i regionrådet på Omdømmeskolen hausten 2010. Med totalt ca 40 plassar på dette kursopplegget, fekk vi naturleg nok ikkje inn meir enn 3 deltakarar. Deltakarane er fordelt på 24 kommunar.
Første samling var i Lørenskog, medan samling 2 og 3 skal vere i hhv Bodø og Selbu i september og november 2010.
Arrangør er Distriktssenteret, eit statleg kompetansesenter for distriktsutvikling (www.distriktssenteret.no).
Omdømmeskolen er oppbygd rundt tre samlingar, med faglege foredrag i tillegg til diskusjon og nettverksbygging. Det er lagt opp til å bruke relevante eksempel frå kommunar som arbeider med omdømme. I opplegget inngår arbeid med heimeoppgaver mellom samlingane, der ein skal fokusere på sin eigen lokale situasjon. Deltakarane skal følgjast opp av rådgivarar frå Distriktssenteret.
Bildet under viser deltakarane på samling 1 på Omdømmeskolen 2010(foto: Distriktssenteret).
Sist oppdatert: 31.08.2010
Publisert: 31.08.2010