Verdig utdeling av svennebrev og fagbrev i Midt-Gudbrandsdalen

Mottakarane av fag- og svennebrev, saman med ordførarane i Midt-Gudbrandsdalen

Torsdag 18. november 2010 fekk midtdølane tildelt sine svennebrev og fagbrev i eit arrangement i konsertsalen Inntunet på Vinstra vidaregåande skule. Dette skjedde i ei høgtideleg ramme, med Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal som arrangementsansvarlig, i samarbeid med Midt-Gudbrandsdal Næringsforening og Oppland fylkeskommune.


Utdelinga nå i 2010 var første gongen dette skjedde i Midt-Gudbrandsdalen, etter at kandidatane tidlegare har fått sine svennebrev og fagbrev ved arrangement andre stader.

Mottakarne stilte pent pynta, og i tillegg til sine fag- og svennebrev fekk dei med seg gratulasjonar og helsingar frå næringslivet, kommunane i regionen, samt fylkeskommunen.

Elevar ved Vinstra vidaregåande skule sto for underhaldning i form av musikk- og danseinnslag.

Arrangementet vart avslutta med enkel servering og hyggeleg samvær.

 

Sist oppdatert: 03.12.2010

Publisert: 19.11.2010