Ottadalsområdet

Den regionale planen for Ottadalsområdet omfattar ti kommunar fordelt i fylka Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Planprogrammet vart vedteke i april 2011. Det er oppretta styringsgruppe og faggruppe som har hatt fleire møte i 2012. Det er også halde fleire opne møte i området. Planutkastet er no vedteke lagt ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 01.02.2013. Målet er at planarbeidet avsluttast i 1. kvartal 2013.


Bakgrunnen for planarbeidet

Utgangspunktet for den regionale planen er at Ottadalsområdet er definert som eit nasjonalt viktig villreinområde, og Miljøverndepartementet (MD) har gjeve dei berørte fylkeskommunane i oppdrag å utarbeide planar for desse områda. Planen vil gå på tvers av fylkes- og kommunegrenser, og skal gje retningslinjer for arealbruken i området. 

Planområdet dekkjer eit stort område i dei ti kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Lesja, Rauma, Stranda, Norddal, Stryn og Luster.

Planen sitt føremål

Hovudføremålet med planen er å kome fram til ein langsiktig og heilskapleg strategi for forvaltninga av prioriterte fjellområde som er særleg viktige for framtida til villreinen i Noreg. Det er ein viktig del av planen at den skal foreine måla om lokal omstilling og utvikling med nasjonale mål om heilskapleg forvaltning av fjellområda og sikring av villreinen sine leveområde.

Store delar av planområdet er allereie verna etter naturmangfaldlova, og gjeldande forskrifter skal fortsatt gjelde i desse områda. Den regionale planen vil ta for seg områda som ikkje er verna og seia noko om bruken av desse med heimel i plan- og bygningslova.

Høyring og offentleg ettersyn Regional plan Ottadalsområdet

Vedtak om offentlig ettersyn blei gjort av fylkesutvalet i Møre og Romsdal 01.10.12, fylkesutvalet i Oppland 09.10.12 og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane 07.11.12.

Høyringsfrist er 01.02.13.

Plandokumenta finn du her

 

Sist oppdatert: 21.11.2012
Publisert: 13.02.2012