Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Filter

Søk

Gudbrandsdalsseminaret 2019

onsdag 30. januar 2019, 09:30 - 16:30

Informasjon

Med samanslåinga av fylka Hedmark og Oppland i 2020, reiser vi spørsmålet om kva Gudbrandsdalen er og skal vera i åra framover innanfor den nye fylkeseininga. Det same spørsmålet kan reisast om Gudbrandsdalseminaret, som i 2019 blir arrangert for tiande gongen.

«Flaumen går, i Noreg er vår», song folldølen Ivar Mortenson Egnund. «Sjå Lågen strøymer stor og brei frå Jotunfjellom», song frøningen Pål Kluften. Dette var naturlyrikk skriven til bondens og grøderikdomens pris. Olav Aukrust dreiv emnet vidare: «No ljosnar Gudbrandsdalen» er den første lina i ein song der han straks går vidare og skildrar dalen som ei brur.

Dei tre diktarane var unge i eit nytt hundreår. Sangkor kringom i bygdene tok songane deira til brystet. Er dette noko meir enn uttrykk for romantiske stemningar i fortida?

Dei geografiske yttergrensene og den skrivne og fortalde historia er eit anna utgangspunkt i ein diskusjon om kva identitet er. Spørsmålet om å høyre til i eit distrikt vil bli drøfta under seminaret i 2019. Andre utgangspunkt finn vi i filosofien, i historia, i språket, i kunsten og i musikken. Vi spør også kva impulsar som blir tilførte frå dagens unge og frå dei som kjem til dalen som gjester og innflyttarar.

Program

Sjå heile programmet for Gudbrandsdalsseminaret her

Påmelding

Bindande påmelding innan 13. januar 2019 på e-post: post@maihaugen.no

Ved påmelding, oppgje:

  • Namn
  • Adresse, fakturaadresse
  • Tlf og epostadr
  • Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov

Seminaravgift

Seminaravgifta er 600 kroner per person.

Avgifta kan betalast ved påmelding til konto 1503 23 53824. Merk med Gudbrandsdalsseminaret og namn.

Spørsmål

Kontaktperson: Kåre Hosar, tlf. 906 27 881

Sted

Maihaugen
Maihaugvegen 1, 2615 Lillehammer

Tlf.: 61288900

E-post: post@lillehammermuseum.no

Nettadresse: http://www.maihaugen.no

Kontakt

Fylkesarkivet i Oppland
Fakkelgården, 2624 Lillehammer

Tlf.: 61271800

E-post: fylkesarkivet@oppland.org

Nettadresse: http://www.oppland.no/fylkesarkivet

Legg til hendelsen i din kalender
Login for redigering