Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Tilskot til kunst- og kulturproduksjon

Lone Eivinddottir - Klikk for stort bildeOppland fylkeskommune har fordelt over to millionar kroner til kunst- og kulturprosjekt for 2018.

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til auka kunst- og kulturproduksjon, samt bidra til å styrke rammevilkåra for profesjonelle kunstnarar innan alle uttrykk.

54 søknader

Det kom inn 54 søknader til årets søknadsrunde, og mange var av høg kvalitet. Søknadene viser eit mangfald innan konsertar, festivalar og kunstneriske utviklingsprosjekt. Kunstnerisk profil og betydinga til prosjektet ut over det ordinære kulturtilbodet i fylket, er mellom tildelingskriteria. Tildelinga skal også spegle breidda av kulturuttrykk, både tradisjonskultur og samtidsuttrykk.

Oversikt over tildelingar

Sjå oversikt over søknader og tildelingar (PDF, 188 kB)

 

Sist oppdatert 15.01.2018
Fant du det du lette etter?