Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Falland - Søndre Land kommune

Falland - Klikk for stort bilde

Komponist Kjell Samkopf og biletkunstar Caroline Ho-Bich-Tuyen kjøpte småbruket Falland i 2012. Eigedomen på 4,5 mål inneheld eit hovudhus, ein låve, eit kombinert drivhus og hønsehus, eit andehus og ein stadig veksande frukt- og grønsakshage. Falland har flott utsikt over Randsfjorden.

I tillegg til eigne kunstnarlege arbeid som biletkunstnar og musikar, ynskjer dei to kunstnarane på Falland å tilby residens for kunstnarar og kunstinteresserte, samt skape ein stad for permakultur og permakulturinteresserte. Den gjestande kunstnaren skal vere internasjonal og det er ein føresetnad at kunstnaren nyttar seg av mogleiken i naturen og landskapet i nærområdet. Kunstnarleg utvikling og fordjuping framfor kunstproduksjon vektleggjast. Kunstnaren skal og halde førelesning om relevante kunstnarlege tema.

Informasjon: http://falland.samkopf.no/Home.html

Sist oppdatert 09.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering