Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Nina Dreyer Henjum - Øyer kommune

Nina Dreyer Henjum - Klikk for stort bilde

Nina Dreyer og mannen er bildekunstnarar og etablerer no residens på sin nye eigedom Orretun i Øyer, som tidligare har vore gamleheim og barnehage. Kunstnarar som kjem på residens kan ha ulik bakgrunn og skal vise sine arbeid i løpet av eller etter avslutta residens.

Kunstnarparet vil invitere profesjonelle kunstnarar med stor kunstnarleg kvalitet som viser at dei har tanke for situasjonen i verda i sine kunstverk. Dei fleste kunstnarane skal bidra med workshop for lokalbefolkninga, som gjerne kan involvere born og eldre, med tanke på historia til eigedomen. Nokre kunstnarar ynskjer å jobbe isolert med fordjuping innan kunstnarlege tema, og dei skal få lov til det. Alle kunstnarane skal ha utstilling og presentasjon etter endt residensopphald, slik at arbeidet og kunstnaren vert presentert for lokalbefolkninga.

Informasjon: http://www.ninadreyerhenjum.com

Sist oppdatert 10.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering