Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Prosjektrom Hveem - Østre Toten kommune

Prosjektrom Hveem - Klikk for stort bilde

Under namnet Prosjektrom Hveem arbeider personane bak med å etablere ein kunstnarresidens for kunstnarar som i større eller mindre grad er nysgjerrig på, arbeider med, eller ynskjer å jobbe med leire som materiale. Målet er å legge til rette for eit undersøkande fokus der leiren som materiale i dialog med andre uttrykksformer som poesi, performance, grafikk, maleri, skulptur og konseptkunst, blir ein innfallsport for residensopphaldet. Gjennom dette kan dei kunstnarlege mogleikane i leira skape rom for nye verk.

Personane bak er Beate Juell (prosjektleiar), Kai Lervold (eigar av staden), Tone Gellein (kunstnar med teoretisk og tekstfaglig kompetanse, samt kulturleiar i Søndre Land kommune) og Elise Schonhowd (biletkunstnar).

Kontaktinformasjon:
Beate Juell, tlf 97013273, beatejuell@hotmail.com

Sist oppdatert 09.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering