Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Trollfilm - Dovre kommune

Trollfilm - Klikk for stort bilde

 

Trollfilm er firmaet til animasjonsfilmskapar Anita Killi på Dovre. Anita har vore i filmmiljøet lenge og tek imot ein jamn straum av førespurnadar frå heile verda med folk som gjerne vil komme til Killi for å jobbe, lære og hente inspirasjon. Animasjonsfilm på den måten det vert gjort i Trollfilm, har mange overlappande områder med andre kunstuttrykk som teikning, maling, kunsthandverk, bevegelse, lyd og musikk. For Trollfilm er gjestekunstnarar på residensopphald ein god måte å få inspirasjon og nyttige kontaktar for framtidig samarbeid.

Anita og Trollfilm har allereie nokre års erfaring med besøk av nasjonale og internasjonale kunstnarar som har budd og jobba der. Det er mange hus på garden, og fleire er gjort i stand for gjester. Det er studio (animasjons-stander og anna utstyr) i to av husa, som kan nyttast som arbeidsrom.

Informasjon: http://trollfilm.no/

Sist oppdatert 09.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering